Månedlige arkiver: juni 2014

Arbeidsglede-kurs for Meland kommune

Arbeidsglede, resultat og relasjonar

av landbrukssjef, Laila Bjørge, Meland kommune

 Ein vakker vårdag i mai drog avdeling for Plan, utbygging og kommunalteknikk (PUK) av garde til Herdla på seminar. Me fekk sjå Holsnøy frå ei anna side enn me var van med, med Eldsfjellet i horisonten som  trufast landemerke.

 Anny hadde engasjert ein sprudlande og dyktig kurshaldar som heitte Helle Kanarisk og tema for samlinga var arbeidsglede. Berre emnet me skulle ha fokus på fekk jo humøret til å stiga fleire hakk, og i kombinasjon med vakker natur, gode kollegaer, nydeleg mat og kjempekoseleg kursstad (Biologen) gjorde at stemninga var god allereie frå starten.

 Arbeidsglede er ei kjensle av glede ein oppnår i samband med jobben og er definert som resultat + relasjonar = arbeidsglede. Med relasjonar er det meint opplevingar ein har i samspel med kollegaer og brukar. Arbeidsplassar som skårar høgt på arbeidsglede har høgare produktivitet og lågare sjukefråvær. England, Danmark, USA og fleire andre land har jobba med dette i mange år, men i Norge er dette relativt nytt.  I det offentlege har det vore lite fokus på relasjonar. Ein vert først og fremst målt på resultat, noko som gjer at tilsette ikkje alltid  kjenner seg godt nok verdsett.

 Korleis me kan arbeida med å auka arbeidsglede på PUK, var tema for første dag. Ein felles visjon og eit sett med felles verdiar  kan vera nyttig.  Me  jobba med å laga eit arbeidsgledehjul for avdelinga,  og alle kom med forslag til kva ting som var viktig for vår arbeidsglede. Nokre tankar som kom fram var:

 Me har fullt fokus på at me er til for innbyggerne

  • Me deler kunnskap og viktig informasjon
  • Me tek  imot og er lojale mot kvarandre sine synspunkt og idéar.
  • Me bryr oss om kvarandre

 Me vart minna om at arbeidsglede er eit felles ansvar og fekk nokre enkle hugsereglar.

1.Ver glad og vis det!

2. Gå framfor

3. Kjenn kollegane dine

4. Ta deg tid til kollegane dine

5. Stopp uønska åtferd

 Arbeidsgleda vert aldri høgare enn den som har minst arbeidsglede, så det er viktig at alle er med og dreg i same retning.

 Utviklings- og forandringselement var tema neste dag. Me lærte litt om ulike modellar for grensesetting, og korleis me kunne møte sinte personar på ein god måte. Siste delen av kurset brukte me til å verta meir bevisst på korleis me har ulike preferansar til kva me er gode på og korleis me likar å jobba.  Ikkje overraskande hamna mange på PUK i  boksen der dei logiske, konkrete, rasjonelle, målretta og produktive personane har sine preferansar. Heldigvis var det antydning til at me hadde sorten personar med raud preferanse; dei er viktig for arbeidsmiljø for dei er sosiale, spontane, gode på samhald og harmoni. Det var og eit par stykk med grøn preferanse i flokken, dei er ofte  kreative, innovative, utolmodige og uorganiserte. Saman er me dynamitt –heiter det, i alle fall visst me klarar å utnytta forskjellane mellom oss positivt.

 Tilbakemelding frå kurshaldar var at me i alle fall var den gladaste tekniske sektoren ho nokon gong hadde hatt på kurs. Ei stor takk til Anny som laga i stand ei  oppbyggjande og kjekk samling for avdelinga si.

Ansett riktig medarbeider

Kurset «Ansett riktig medarbeider» var  et utrolig lærerikt kurs. I liten gruppe fikk vi muligheten til å diskutere problemstillinger, og hente ideer i fra andre deltakere/kommuner. Vi fikk god opplæring i å tenke nytt ang hva som er viktigst når vi ansetter, at verdiene til de vi ansetter må matche verdiene til arbeidstedet. Sirkelen med påstander er et utrolig godt verktøy å bruke. Det hjelper oss til å ha fokus på den kompetansen vi faktisk søker etter. Helle Kanaris er utrolig engasjerende å være på kurs hos, hun byr på seg selv, utfordrer oss og gir oss eksempler som er lette å sette seg inn i. Jeg kan virkelig anbefale dette kurset. Det var et av de kursene hvor du går hjem og er «høy på» det du har lært!

Venke Kristiansen, Enhetsleder for barnehager, Søgne kommune